Guro Kristin si verd

Tuesday, June 13, 2006






Å eg veit meg eit land
langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand
mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
:/: Å eg minnest, å eg minnest,
å eg minnest so vel dette land :/:

På gjensyn Tromsø, og takk for tre innhaldsrike og gode år som har gjeve meg så mang ein skatt!

Onsdag 14.06.06 kl. 06.55 set eg meg på flyet heim mot Vestlandet. Denne gongen med vissheit om at eg ikkje skal kome attende til Tromsø på same måten som før. Eg og Stian har no budd i Tromsø i tre år. På desse åra har me lært og erfart mykje, truffe fantastiske menneske, opplevd midnattsol og nordlys, mørketid, ein kontrastfyllt natur, flygande rotter (eller dei psykopate måsane som bur her), oppturar og nedturar, musikk, teater, og det beste av alt; venner for livet! Men alt har ein ende. No er tida komen for å prøve nye eventyr. Men det er ei anna historie :)

Sunday, June 11, 2006



Lukka

Lukka
Den som ikkje kom hit i forkledning
Den som ikkje venta på anledning
Den som berre kom

Dette er mannen eg elskar. Mannen som snudde livet mitt på hovudet. Mannen som er det beste som har hendt meg. Mannen, ei gåve frå Gud. Ein stor skatt. Mannen som er håpet mitt, draumane mine, gleda mi.




Velkomen til bloggen. BLOGGEN. Her ser du litt av meg og livet mitt. Dagane som går. Menneska eg møter.

Eg vert glad for helsingar og kommentarar. Kjekt å høyre frå deg!